Festivalsjef/leder

Er du vår nye festivalsjef?

Informasjon
om stillingen:

Stillingstype: Festivalsjef/leder i 100% fast stilling i 3 år med mulighet for forlengelse

Arbeidssted: Steinkjer

Søknadsfrist: 1/10-25

Om arbeidsgiver:

Kontakt daglig leder Johan Einar Bjerkem 92840553 epost: johan.einar@hilmarfestivalen.no

Vi søker Festivalsjef for Hilmarfestivalen i 100 % stilling 

Vår noverande festivalsjef skal ut på nye jaktmarker, og vi søker derfor etter ein festivalsjef i opp til 100 % stilling for oppstart frå 1. januar, men med overlapp i november under sjølve festivalen. Stillinga blir i første omgang lyst ut for ein treårsperiode med mulegheit for forlenging. 

Du får ansvaret for å 

  • Leie festivalorganisasjonen med heile frivilligapparatet 
  • Forhandle med artistar, management og arrangørstader; inngå kontraktar 
  • Relasjonsutvikling overfor sponsorar og andre interessentar 
  • Jobbe med omdømmebygging, marknadsføring, mediekontakt, PR og salg 
  • Samarbeide med nasjonale og internasjonale miljø innanfor immateriell kulturarv og kunst 
  • Arbeide administrativt året rundt saman med dei andre tilsette med prosjekt, arrangement og marknad

Vi ønsker at du har: 

  • Leiarerfaring, gjerne frå ein prosjektorganisasjon og frå arbeid med frivillige 
  • Erfaring, utdanning og nettverk frå tradisjonskultur- og / eller musikksektoren 
  • Erfaring med gjennomføring av festival, større event eller konsertar 
  • Forhandlingserfaring 
  • Erfaring med sponsorarbeid 
  • Kjennskap til folkedans og / eller folkemusikk 
  • God økonomiforståing og gode kommunikasjonsevner

Om arbeidsgivaren 

Hilmarfestivalen starta opp i 2003, og gjennom ca. 70 - 90 arrangement kvart år i veke 45 får omtrent 15 000 publikummarar oppleve folkemusikk og beslekta musikkformer – samt møte dans, litteratur, forteljing, kunst og mat. Dette blir gjort muleg av ein stab på seks og over 100 frivillige. Vi er ein av dei store kulturarvs- og folkemusikkfestivalane i landet, og har også arrangement året gjennom. 

Det er den allmennyttige Stiftinga Hilmar Alexandersen som vart starta opp i 2005 som står bak og eig festivalen. Stiftinga har 17 grunnfondsinnskytarar basert lokalt, regionalt og nasjonalt. Stiftinga har som formål å arbeide for immateriell kulturarv og kultur og næring, samt arrangere festivalen. Vi har også andre arrangement under merket Hilmar året rundt. Stiftinga er også Midtnorsk senter for folkemusikk og folkedans (MSFF), vi driv HilmArt, Fortellernettverket TALE, fleire internasjonale prosjekt og er eigar av Hilmar AS.

Vi skal vere med og utvikle Steinkjer og regionen, og har ambisjonar om å visast betre som nasjonal aktør. Vi har kontor i det nye kulturhuset i Steinkjer saman med andre kulturinstitusjonar og har nye moderne fasilitetar å produsere i.

Har du spørsmål, kan du kontakte noverande festivalsjef Maiken Lien Jørgensen (914 59 545) eller dagleg leiar Johan Einar Bjerkem (92 84 05 53).

Stillinga er kan vere opp til 100 %. Lønn etter avtale. 

Søknadsfrist: 1. oktober 2025. Send søknad med CV til johan.einar@hilmarfestivalen.no

Powered by Labrador CMS