Kantor/organist i Aukra sokn

Er du Aukra sokn sin nye kantor/organist eller kyrkjemusikar?

Informasjon
om stillingen:

Stillingstype: 60% fast stilling som kantor/organist/kyrkjemusikar

Arbeidssted: Aukra sokn

Søknadsfrist: 17/3-25

Om arbeidsgiver: Kontakt leiar Erlend Melby 92220253 erlend.melby@korsvikbakken.com eller fung. kyrkjeverje Max Ingar Mørk 95185921 max.mork@aukra.kommune.no

Aukra kyrkjelege fellesråd har ledig 60 % fast stilling som kantor/organist/kyrkjemusikar i Aukra sokn. Vi har også en ledig 40% stilling som kateket/kyrkjelydspedagog.

Aukra er ein eittsoknskommune med 3700 innbyggarar, der om lag 2550 personar bur på hovudøya Gossen og 1150 i fastlandsdelen Julsundet. Ferja mellom Gossen og Julsundet går jamleg og tek 12 minutt. Kommunen har godt utbygde servicetilbod, eit aktivt kultur- og idrettsliv og stor kristeleg aktivitet.

Aukra kyrkje er ei åttekantkyrkje i tømmer frå 1835 og ligg på Gossen. Kyrkja har eit 17 stemmers pipeorgel med to manualar og pedal frå frå 1995, levert av Th. Frobenius & Sønner,

Arbeidsoppgåver for kantor/organist

  • Leie det kyrkjemusikalske arbeidet ved gudstenester og andre kyrkjelege handlingar iAukra kyrkje. I tillegg kjem inntil 10 gudstenester i året i Julsundet.
  • Samarbeide med andre tilsette om trusopplærings-, konfirmant-, diakoni- og anna kyrkjelydsarbeid
  • Rekruttere og legge til rette for at frivillige i alle aldrar kan ta del i song- og musikklivet i kyrkjelyden
  • Ha ansvar for konsertar og andre musikalske arrangement i samarbeid med kollegaer, frivillige og sokneråd
  • Følgje opp kyrkjelyden si kyrkjemusikalske verksemd i tråd med soknerådet sine planar og prioriteringar
  • Vere rådgivar for sokne- og fellesrådet i kyrkjemusikalske spørsmål
  • Ha ansvar for tilsyn med og vedlikehald av kyrkja sine instrument og øvrige musikkutstyr

Kvalifikasjonar for kantor

  • Kvalifikasjonskrav i samsvar med tenesteordning for kantorar eller minimum 3 års utdanning innan kyrkjemusikk. Anna musikalsk utdanning og erfaring kan også bli vurdert
  • Søkar må ha allsidig orgel- og pianoferdigheit
  • Må kunne meistre fleire musikksjangrar, vere komfortabel med samspel og ha kunnskap og erfaring med korleiing
  • Må ha evne til å organisere og gjennomføre prosjekt
  • Må ha gode kunnskapar om norsk salme-, liturgi- og gudstenestetradisjon
  • Må kunne norsk eller skandinavisk språk, munnleg og skriftleg
  • Må være medlem av Den norske kyrkja

Personlege eigenskapar

  • Engasjement for teamarbeid og å skape eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Interessert i, og open for, musikalsk mangfald og tverrfagleg samarbeid
  • Initiativrik, engasjert og inspirerande
  • Gode pedagogiske evner
  • God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
  • Grunnleggande datakunnskap
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Me tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø og stabsfellesskap
  • Stort handlingsrom for skaping, samskaping og trivsel
  • Kontor i kontorfellesskap på Aukra kyrkjelydshus
  • Tilsetting og løn i samsvar med gjeldande avtaleverk for kyrkjeleg sektor
  • Pensjonsordning i KLP

Søknad og kontaktinformasjon:

  • Søknad med vitnemål og attestar sendast elektronisk via www.kirkejobb.no
  • Søknadsfrist: 17.03.2025
  • Prøvespel må påreknast
  • Tilfredsstillande politiattest må kunne leggast fram ved tilsetting, jf. Trussamfunnslova § 20
  • Prøvetid: 6 mnd.

Ledig stilling som kateket/kyrkjelydspedagog:

Vi gjer merksam på at vi også har ledig 40 % stilling som kateket / kyrkjelydspedagog. Dersom søkaren er kompetent og interessert, kan ulike kombinasjonar av stillingane diskuterast.

Adresse:Skogvegen 1a, 6480 Aukra, Norge

 Opne vegbeskriving (i ny fane)

Powered by Labrador CMS