Organist i Lærdal sokn
Frist: 23.02.2026
Er du vår nye organist/kyrkjemusikar?
Me lyser ut tilsaman 80 % stilling.
I vakre Sogn er det ledig tilsaman 80 % stilling som organist/kyrkjemusikar. Lærdal sokneråd lyser ut 50 % og Årdal kyrkjeleg fellesråd lyser ut 30 % stilling. Vi vil legge til rette for at det er mogleg å kombinere stillingane. Men det òg mogleg å søkje berre ei av stillingane. Det tek omlag 30 minuttar å køyre mellom kommunane.
Innbyggjartalet i Lærdal kommune er ca. 2.200 og Årdal kommune ca. 5.200. Kommunane ligg inst i Sognefjorden og har eit godt utbygd tenesteapparat og flott natur med gode tilhøve for friluftsliv. I Lærdal er det tre kyrkjer og i Årdal to kyrkjer, med godt restaurerte orgel.
Arbeidsoppgåver:
- Spele til gudstenester- og kyrkjelege handlingar i samarbeid med andre kyrkjelege tilsette.
- Involvere frivillige musikk-krefter inn i kyrkjeleg arbeid og spele til aktivitetar knytt ulike aldersgrupper.
- Noko av arbeidet vil førekome på ettermiddag/kveld.
Vi søkjer etter personar med:
- Utdanning innanfor orgel/pianospel, andre instrument kan også vere aktuelt. Erfaring innan orgel/piano spel kan kompensere for utdanning.
- Evne til å arbeide sjølvstendig, men og i lag med andre.
- Evne til å skape musikkglede og likar å arbeide med folk i alle aldrar.
Andre krav:
- Er medlem i Den norske kyrkja.
- Kan legge fram politiattest.
- Ha sertifikat og disponere eigen bil.
- Meistrar skandinavisk språk godt.
Vi tilbyr:
- Eit godt og engasjert arbeidsmiljø.
- Variert arbeidsfelt, og stor grad av sjølvstendig planlegging av arbeidsdagen.
- Tilsettings- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og avtalar innan KA sitt tariffområde.
- Pensjonsordning i KLP.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju, prøvespeling kan verta aktuelt. Vi legg vekt på at søkjarane er personleg eigna til stillinga.
Skriv i søknaden om du søkjer begge eller ei av stillingane, søknadsfrist: 23.02.2026
Søknadar med CV sendast til; ellen.veum@laerdal.kommune.no. Om søknad gjeld berre stillinga i Årdal kan ein sende søknad med CV til; johanne.molland@ardal.kommune.no.